Meir enn ein hall

Fysisk aktivitet, førebygging av fysiske og psykiske helseplager, livskvalitet for alle

Meir enn 15 idrettslag går saman om eit unikt initiativ for skape tilbod til alle dei i regionen som manglar, heilt eller delvis, moglegheit til å drive sin idrett og vere i fysisk aktivitet.

Visjon og mål

Fysisk aktivitet er det beste verkemiddelet for å forebygge fysiske- og psykiske helseplager, og fremme livskvalitet for alle.

Meir enn 15 idrettslag går saman om eit unikt initiativ for skape tilbod til alle dei i regionen som manglar, heilt eller delvis, moglegheit til å drive sin idrett og vere i fysisk aktivitet.

Målet er ein Multihall med meir enn 15 ulike idretts- og aktivitetsanlegg, inne og ute.

Gjennom satsing på eigenorganisert aktivitet skal vi gje dei som ikkje finn seg til rette innanfor organisert idrett, eller av ulike grunnar ikkje kan delta i organisert idrett, like moglegheiter.

Multihallen skal skape møteplassar på tvers av interesser og generasjonar, ein sosial samlingsstad der folk kan møtast, som stimulerer utvikling av sosiale ferdigheiter, førebyggjer psykiske plager og inspirerer til meir aktivitet. Ein inkluderande arena med fokus på inkludering og mangfald, tilrettelagt for paraidrett og fokus på å forebygge ulikheit av ulike årsaker.

  

  

Fleirbrukshall

Stor fleirbrukshall for alle typar innendørs idrettar og aktiviteter, med særskilt tilrettelegging for basket, bandy, futsal, volleyball og handball

Turnhall

Basishall, medium storleik, med faste installasjonar, grop og 40m tilløp

Klatre- og buldrehall

Klatrehall med omlag 1 300 m2 tau 16 m, omlag 580 m2 tau 11,5m, Buldring omlag 900 m2

Skate og Scoot hall

800 kvm, tilrettelagt for alle, både nybyrjarar og erfarne utøvarar

E-sportsenter

E-sportsenter med treningsfasiliteter, sosiale soner for gaming, VR rom, streamingstudio med produksjonsrom, og ein eigen e-sport arena for større arrangmenter


E-sport amfiet kan og nyttast til kurs, møter og mindre og intime konsertar, førestillingar og kulturføremål
Skytebaner

15m riflebane og 25m pistolbane med sosiale klubbhusfunksjonar

Aktivitetssal og styrkerom

300 kvm aktivitetssal og 100 kvm styrkerom


Aktivitetssalen kan og nyttast til kurs, møter og mindre og intime konsertar, førestillingar og kulturføremål

Sosiale soner og møteplasser

Møteplassar med minglesone i både 1. og 2. etasje i sentralt i hallen, med bordtennis, biljard og andre aktivitetar.

Kiosk og kafeområde

Muligheit for noko å bite i og drikke på medan ein ser på livet som er i området. Vi har innvendige glasveggar så ein kan fylgje med på aktivitetane i dei ulike delane av hallen, og med god utsikt over stadionområdet

Padelbane

Padelbane saman med Grindløda og 3v3 banar med idyllisk plassering ved Rotevatnet

Utandørs basket- og bandybane

Kombinert utandørsanlegg for basket og bandy

Pump-track bane

Eit spennande tilbod til både unge og vaksne, der ein kan utfordre seg sjølv og utvikle ferdigheiter i trygge og varierte omgjevnader

barn som spiller fotball
3v3 fotballbaner

Tre permanente 3v3 banar for fotball

Diskgolf bane

Ønsker å kunne legge til rette for 18 hulls bane med turstiar langs Øyraelva mellom hallen og Årneset

Sandvolleyball

Tre nye baner for å møte eit stort behov for meir kapasitet til sandvolleyball

Amfi i stadionparken

Eit naturlig amfi felt inn i vollen som ligger i Stadionparken i dag, vendt mot anlegget så en kan følge aktiviteter eller overvære arrangement når paviljongen benyttes til mikro-kulturhus

Paviljong

Enkel paviljong med litt overbygg som kan tene som pop-up kafe på godversdager og mikro-kulturhus med intimkonsertar i amfiet etter inspirasjon frå Nygårdsparken i Bergen.

Parkering

Det vert god kapasitet til sykkelparkering under tak, arbeidd for betra kollektivløysingar, parkeringskjellar for bilar. Ei rundkjøyring med sone for av- og på-stiging for passasjerar gir auka trafikksikkerheit på stadion.

FORMELT

Volda Multihall er planlagt stifta som eit ideelt aksjeselskap med dei deltakande idrettslaga som eigarar

Inntil vidare er Volda E-sport (org. nr. 924 611 138) formell vert for satsinga på vegne av deltakarane

KONTAKT

3D-Modell

Tore Liaskar

LEIARGRUPPE

Eivind Dahl

Gunnar Andenes

Paul Ottar Tornes

Jan-Norvald Jønsson

Alf Bjarte Brevik

All rights reserved. Copyrights © 2024 Nettsida er levert av Dreyer Kvalheim AS